Vil du jobbe i Klagenemndssekretariatet

Ledige stillingar blir fortløpande annonsert på kofa.no og klagenemndssekretariatet.no, og på stillingsportalar på internett.

For å vere interessant for ei stilling i sekretariatet er det viktig med gode eksamensresultat. I tillegg blir det vektlagt positivt om ein har spesiell kunnskap innan anskaffingsregelverket, kontraktsrett eller andre nærliggjande rettsfelt, og eventuell erfaring som dommarfullmektig eller advokatfullmektig.

Dersom du har spørsmål om jobb i sekretariatet, ta kontakt med direktør for offentlege anskaffingar Anneline Vingsgård på telefon 55 19 30 00 eller e-post anneline.vingsgard@knse.no.