Gebyr på 140 000 for ulovleg direkte anskaffing av prosjektleiing mv.

Klagenemnda for offentlege anskaffingar (KOFA) har pålagt Halden kommune gebyr på 140 000 kroner for å ha inngått avtalar om prosjektleiing og bistand ved revisjon av kommuneplanens arealdel, utan å kunngjere innkjøpa slik regelverket for offentlege anskaffingar krev.

Kommunen inngjekk i 2010 og 2011 avtalar om prosjektleiing og andre konsulenttenester ved revisjon av kommuneplanens arealdel, utan å kunngjere innkjøpa på førehand. Klagenemnda kom til at dei ulike kontraktane måtte sjåast i samanheng, og at anskaffinga si verdi ikkje var forsvarleg berekna. Basert på det som måtte sjåast på som anskaffingas anslåtte verdi, skulle anskaffinga vore kunngjort. At dette ikkje vart gjort, førte til at inngåinga av kontraktane utgjorde ei ulovleg direkte anskaffing.

Den ulovlege direkte anskaffinga vert sett på som det mest alvorlege brotet på det offentlege innkjøpsregelverket, fordi manglande kunngjering hindrar fri konkurranse om kontrakten. Manglande konkurranse kan føre til at det offentlege brukar meir pengar enn naudsynt ved kjøp av varer eller tenester, eller at ein ikkje får det beste tilbodet.

Regelverket skal også sikre tillit til at offentlege tenesteoppdrag vert tildelt på ein effektiv og objektiv måte, og at private aktørar i størst mogleg grad vert utsett for lik handsaming.

– Gebyret er gjeven fordi det var klart at anskaffinga skulle vore kunngjort, seier Erlend Pedersen, sekretariatsleiar i Klagenemnda for offentlege anskaffingar.

Les saken her – 2011/322

Kontaktperson

Sekretariatsleiar Erlend Pedersen

E-post: erlend@kofa.no

Mobil: 924 29 706

Publisert: 20.11.2013 | Sist endret: 20.11.2013