Gebyr til Lenvik kommune for vesentleg endring av kontrakt

Klagenemnda for offentlige anskaffelser (KOFA) har pålagt Lenvik kommune gebyr på 200 000 kroner for ulovleg direkte anskaffing i samband med kjøp av prosjekteringstenester.

Kommunen sendte i november 2010 tilbodsførespurnad til fire leverandørar for utarbeiding av skisseprosjekt og anbodsgrunnlag for totalentreprise, i samband med planlagt ombygging og renovering av distriktmedisinsk senter (DMS) på Finnsnes. Anskaffinga sin verdi blei i anskaffingsprotokollen angitt til 500, og vart ikkje kunngjort. Klagenemnda fann at spørsmål om denne kontrakten isolert utgjorde ei ulovleg direkte anskaffing, var forelda.

Det blei likevel utarbeida ein tilleggsavtale i mai 2011 mellom kommunen og valte leverandør. Det gjekk fram av tilleggsavtalen at den delen av oppdraget som gjaldt utforming av anbodsgrunnlag for totalentreprise, blei endra til at valte leverandør skulle utføre detaljprosjekteringa, og utarbeide konkurransegrunnlag for delentrepriser. I tillegg skulle oppdraget omfatte anbodsinnhenting og bistand ved kontrahering. Fakturaoversikten viste også at valte leverandør også utførte arbeid som gjaldt oppfølging i byggefasen. På grunnlag av dette utbetalte kommunen totalt kring 2,8 millionar kroner til valte leverandør. Klagenemnda fann at kontrakten fekk ein heilt annan karakter ved tilleggs- og endringsarbeida, og avtalen si tidsramme og omfang blei tydeleg utvida. Kontrakten var difor vesentleg endra i kontraktsperioden, slik at endrings- og tilleggsarbeida representerte ei ny kontrakt som skulle vore kunngjort etter regelverket. Det låg såleis føre ei ulovleg direkte anskaffing.

Lenvik kommune vart pålagt gebyr på 9 % av anskaffinga sin verdi.

– Ulovlege direkte anskaffingar sjåast som det mest alvorlege brotet på det offentlege innkjøpsregelverket fordi manglande kunngjering medfører at kontrakten vert unnateke frå fri konkurranse. Manglande konkurranse kan føre til at det offentlege brukar meir pengar enn naudsynt ved kjøp av varer eller tenester, eller at ein ikkje får det beste tilbodet, uttalar sekretariatsleiar i KOFA Erlend Pedersen. Denne typen brot er difor alvorleg.

Les avgjerda her

Kontaktperson

Sekretariatsleiar Erlend Pedersen

E-post: erlend@kofa.no

Mobil: 924 29 706

Publisert: 24.04.2014 | Sist endret: 24.04.2014