Lenvik kommune er pålagt gebyr for ulovleg direkte anskaffing av tenester for gjennomføring av skisseprosjekt/forprosjekt, samt førebuing av totalentreprisegrunnlag i samband med ny ungdomskule i komm

Klagenemnda for offentlege anskaffingar (KOFA) har pålagt Lenvik kommune gebyr på 245 000 kroner for ulovleg direkte anskaffing av tenester for gjennomføring av skisseprosjekt/forprosjekt, samt førebuing av totalentreprisegrunnlag i samband med ny ungdomskule.

Nemnda la til grunn at ein opsjon på førebuing av totalentreprisegrunnlaget som var omfatta av kunngjeringa, måtte reknast med i fastsetjinga kontrakten sin verdi. Verdien inkludert opsjonen, oversteig terskelverdien for kunngjering i medhald av forskrifta del III. Kommunen hadde berre kunngjort anskaffinga i DOFFIN. Klagenemnda fann at kommunen hadde gjort ei ulovleg direkte anskaffing ved at konkurransen ikkje ble kunngjort i EØS-området, jf. forskrifta § 2-2 (1).

Nemnda viste til at regelverket byggjer på at oppdragsgjevar kjenner til dei grunnleggjande reglane for kunngjering, både i det som gjelder fastsetjing av kontrakten sin verdi og i det som gjeld oppdraget sitt omfang, så som opsjonar. Etter omstenda i saka hadde kommunen handla grovt aktlaust ved ikkje å kunngjere konkurransen etter regelverket.

Klagenemnda la i formildande retning vekt på at innklaga etter alt å bedømme ikkje på førehand hadde unnlate å kunngjere anskaffinga i EØS-området i den hensikt å unngå at reglar i forskrifta gjaldt for kontrakten, eller for å bevisst unngå konkurranse. Preventive omsyn og det faktum at oppdraget hadde vore unntatt konkurranse i EØS-området, talte for at gebyret likevel måtte vere av ein viss størrelse. Det måtte forventast at oppdragsgjevarar syrgjer for å bruke riktig skjema for kunngjering og følgjer dei riktige prosedyrane for kunngjering i forskrifta. Gebyret utgjorde 7 % av kontrakten sin verdi.

– Ulovlege direkte anskaffingar sjåast som det mest alvorlege brotet på det offentlege innkjøpsregelverket fordi manglande kunngjering medfører at kontrakten vert unnateke frå fri konkurranse. Manglande konkurranse kan føre til at det offentlege brukar meir pengar enn naudsynt ved kjøp av varer eller tenester, eller at ein ikkje får det beste tilbodet. Regelverket skal også sikre tillit til at offentlige tenesteoppdrag blir tildelt på ein effektiv og objektiv måte, og at private aktørar i størst mulig grad blir handsama likt, uttalar sekretariatsleiar i KOFA Erlend Pedersen. Denne typen brot er difor alvorleg.

Les avgjerda her

Kontaktperson

Sekretariatsleiar Erlend Pedersen

E-post: erlend@kofa.no

Mobil: 924 29 706

Publisert: 07.05.2014 | Sist endret: 07.05.2014