Gebyr til Vardø kommune for ulovlig direkte tildeling av byggherreombudstenester

Klagenemnda for offentlege anskaffingar (KOFA) har fastsett gebyr på 685 000 kroner for manglande kunngjering av kontrakt om byggherreombudstjenester ovafor Vardø kommune.

Vardø kommune gjorde ein avtale i 2012 til ein verdi av 5,5 millioner kroner med ein leverandør av byggherreombudstenester m.m. i samband med nytt fleirbrukshus i Vardø.

Kommunen viste til ein avtale fra 2006 med samme leverandør, som var et resultat av ein kunngjort konkurranse. Det blei vist til at denne kontrakta, som gjaldt prosjektering og rådgjevning i samband med rehabilitering av eit svømmeanlegg, ikkje hadde blitt fullført, og hevda at avtalen kunne reaktiverast i fleirbrukshusprosjektet.

Klagenemnda kom til at dei to avtalane gjaldt to åtskilde og svært forskjellige prosjekt, og at avtalen frå 2012 både kvalitativt og kvantitativt gjaldt noko anna enn avtalen knytta til rehabiliteringsprosjektet frå 2006. Den tidlegare avtalen gav difor ikkje heimel til å unnlate kunngjering for byggherreombudstenestene. Det blei ikkje gjort gjeldande andre grunnlag for unntak frå kunngjeringsplikta. Klagenemnda fant vidare at kommunen i det minste hadde handla «grovt aktløyst» med å inngå kontrakt med valgte leverandør utan kunngjering, og at det måtte fastsetjast brotsgebyr.

Når det gjaldt gebyret sin storleik uttalte nemnda at den direkte anskaffinga sto fram som eit medviten val, og som primært var årsaka av interne vurderingar og manglande planlegging hos innklaga. Kommunen hadde ikkje vurdert eller spurt andre leverandører av dei aktuelle tenestene, eller gjort anna for å sikre konkurranse om kontrakta. Det var ikkje tvilsamt at dei forskjellige kontraktarbeida måtte bli sett i sammanheng, og kontraktsverdien var forholdsvis høg.

Gebyret blei satt til 12,5 % av anskaffinga sin verdi, som utgjorde kroner 685 000,-.

– Ulovlege direkte anskaffingar representerer det mest alvorlege brotet på det offentlege innkjøpsregelverket, fordi manglande kunngjering hindrer konkurranse om kontrakta. Manglande konkurranse kan føre til at det offentlege bruker meir penger enn naudsynt ved kjøp av varer eller tenester, eller at ein ikkje får det beste tilbodet. Ulovlege direkte anskaffingar er strid med regelverket sitt føremål om å sikre tillit til at offentlege kontrakter blir tildelt på ein effektiv og objektiv måte, og at private aktørar i størst mogleg grad blir likt handsama, uttaler Erlend Pedersen, sekretariatsleiear i KOFA.

Les avgjerda her

Kontaktperson

Sekretariatsleiar Erlend Pedersen

E-post: erlend@kofa.no

Mobil: 924 29 706

Publisert: 13.05.2014 | Sist endret: 13.05.2014