Kva er Klagenemnda for offentlige anskaffelser (KOFA)?

Klagenemnda handsamar klagar frå leverandørar eller andre med sakleg klageinteresse som gjeld brot på regelverket for offentlige anskaffingar.

Klagar får ei avgjerd der nemnda uttalar seg om den offentlege oppdragsgjevaren har brote regelverket eller ikkje. Frå 1. januar 2017 fekk KOFA attende myndigheita til å ileggja overtredelsesgebyr for ulovlege direkte anskaffingar. Avgjerdsla i desse sakane er rettsleg bindande for partane. KOFA har no plikt til å ileggja gebyr når innklaga forsettleg eller grovt uaktsomt har brote kunngjeringsplikta i forskrift om offentlege anskaffingar.Ved uaktsomhet har KOFA adgang til å ileggja gebyr.Ein treng ikkje sakleg klageinteresse i desse sakane.

Avgjerdsler som følge av andre brot på anskaffelsesregelverket er rådgjevande. Det vil si at avgjerdslene ikkje har rettsleg bindande verknad for partane, i motsetjing til ein dom i ei rettsak eller eit gebyrvedtak. Klagenemnda sitt sekretariat har og myndigheit til å avvise saker frå handsaming i nemnda. Klagenemnda si verksemd er regulert i forskrift om klagenemnd for offentlige anskaffelser.

KOFA vart etablert 1. januar 2003. Bakgrunnen for opprettinga var å gjere det raskt og rimeleg for leverandørar å få avgjort tvistar med offentlege oppdragsgjevarar om brot på anskaffingsregelverket. Offentleg sektor anskaffar årleg for omkring 400 milliardar og effektiv handheving er viktig for å sikre regelverket sitt føremål.

KOFA er eit uavhengig statleg organ som er samansett av ei nemnd med 10 medlemmar. Nemnda sin leiar er tidlegare høgsterettsdommar Georg Fredrik Rieber-Mohn. Dei andre nemndsmedlemma er anten advokatar, dommarar eller professorar. I kvar enkelt sak deltek tre nemndsmedlemmar. Klagenemndssekretariatet sin leiar er Anneline Vingsgård. Nestleiar er Jonn Sannes Ramsvik.

Klagenemndssekretariatet held til i Bergen.