Gebyr til Andebu kommune for ulovleg direkte anskaffing

Klagenemnda for offentlege anskaffingar (KOFA) har gitt Andebu kommune eit gebyr på 2,4 millionar kronar for eit ulovleg direkte innkjøp i samband med bygginga av eit nytt NAV-bygg.

Andebu kommune inngjekk ei avtale om oppføring av nytt NAV-bygg utan å kunngjere ein konkurranse om byggjekontrakten. Kommunestyret valde å inngå kontrakten i strid med innstillinga frå rådmannen.

Klagenemnda fann at kommunen ikkje hadde godtgjort at den valde tomta var den einaste utvegen kommunen hadde til å dekkje behovet sitt. Anskaffinga var derfor ikkje unnateke frå plikta til å kunngjere ein konkurranse. I skjerpande retning la klagenemnda vekt på den store verdien til kontrakten.

Gebyret utgjer ca. 8,3 prosent av verdien til kontrakten.

> Saksdokumentet (PDF)


Pressekontakt:

Anneline Vingsgård
Direktør offentlige anskaffelser

telefon: 55 59 76 35
mobil: 974 72 717
e-post: anvi@kofa.no