Sveio kommune er pålagt gebyr for ulovleg direkte anskaffing av elektrikar-, tømrar- og røyrleggjararbeid i samband med ombygging av Sveio Skule

Klagenemnda for offentlege anskaffingar (KOFA) har pålagt Sveio kommune gebyr på 161 397 kroner for ulovleg direkte anskaffing av elektrikar-, tømrar- og røyrleggjararbeid i samband med ombygging av Sveio Skule.

Kommunen hadde inngått tre separate kontraktar for dei enkelte arbeida og ikkje kunngjort dei enkeltvis eller samla. Nemnda la til grunn at dei tre kontraktane måtte sjåast som eit byggje- og anleggsarbeid etter forskrifta § 4-1 bokstav c, slik at berekninga av verdien måtte vurderast samla for dei tre kontraktane jf. forskrifta § 2-3 (7). Verdien blei dermed større enn terskelverdien og kontraktane skulle vært kunngjort i medhald av forskrifta del II. Kommunen hadde gjort ei ulovleg direkte anskaffing ved at arbeidet ikkje var kunngjort, jf. forskrifta § 9-1, jf. § 2-1 (2).

Nemnda la ikkje vekt på kommunen si forklaring om at kontraktane blei inngått enkeltvis og utan kunngjering, fordi kommunen hadde kort tid til rådigheit og handla i den tro at måten kommunen hadde gått frem på, var tilstrekkeleg til å oppfylle regelverket. Nemnda viste og til at når det i tillegg viste seg at dei faktiske kostnadene blei betydeleg høgare enn dei estimerte, tydde det på at det ikkje blei gjort ein forsvarleg vurdering av kontraktanes samla verdi. Kommune skulle ha vurdert kontraktane samla og kunngjort konkurransen etter regelverket. At kommunen unnlét å gjere dette var grovt aktlaust.

Ved berekninga av verdien av anskaffinga la klagenemnda i noko formildande retning vekt på at kommunen hadde tatt kontakt med nokre leverandørar for å be om tilbod på arbeida, og at verdien av anskaffinga ikkje var særleg høg. Det måtte likevel forventast at oppdragsgjevarar i planlegginga av anskaffinga gjer ein reell vurdering av det som skal anskaffast, både i omfang og verdi. Gebyret utgjorde 10 % av kontrakten sin verdi.

– Ulovlege direkte anskaffingar sjåast som det mest alvorlege brotet på det offentlege innkjøpsregelverket fordi manglande kunngjering medfører at kontrakten vert unnateke frå fri konkurranse. Manglande konkurranse kan føre til at det offentlege brukar meir pengar enn naudsynt ved kjøp av varer eller tenester, eller at ein ikkje får det beste tilbodet. Regelverket skal også sikre tillit til at offentlige tenesteoppdrag blir tildelt på ein effektiv og objektiv måte, og at private aktørar i størst mulig grad blir handsama likt, uttalar sekretariatsleiar i KOFA Erlend Pedersen. Denne typen brot er difor alvorleg.

Les avgjerda her

Kontaktperson

Sekretariatsleiar Erlend Pedersen

E-post: erlend@kofa.no

Mobil: 924 29 706

Publisert: 09.05.2014 | Sist endret: 09.05.2014