Styrka handheving av anskaffingsreglane

Nærings- og fiskeridepartementet sender no på høyring forslag til endringar i anskaffingsreglane. Føremålet er å styrke handhevinga av regelverket mot ulovlege direkte anskaffingar.

Forslaga inneberer at når klagenemnda får inn ei klage på ulovleg direkte anskaffingar, vil nemnda ha kompetanse til enten å pålegge overtredingsgebyr, eller til å bringe saken inn for retten for å få kontrakten kjent utan verknad, skriv departementet i ei pressemelding.

Der klagenemnda meiner at oppdragsgjevar har gjennomført ei ulovleg direkte anskaffing risikerar oppdragsgjevar eit gebyr på inntil 15 prosent av anskaffinga si verdi.

Videre foreslår departementet at gebyret for å klage til klagenemnda skal betalast tilbake der klagaren får medhald. For klager på ulovlege direkte anskaffingar skal heile gebyret på 1000 kroner betalast tilbake. For klager i andre typer saker, der gebyret er 8000 kroner, legg departementet fram to alternative forslag.

Fristen for å kome med innspel er 14. august 2015.

Les høyringa på departementet sine nettsider

Publisert: 17.04.2015 | Sist endret: 29.06.2015